Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Sigbjørn Sævereid slo til med hattrick mot Kolnes. FOTO: MAGNE SKÅLNES
Sigbjørn Sævereid si scoring sørga for poengdeling.

Går frå siger til siger

Det byrjar å bli ein vane for heimepublikumet i Etne at det endar med siger når A-laget spelar kamp i 5. divisjon. Berre eitt tap på åtte kampar i haust, resten har laget vunne. Alle dei fire heimekampane har gjeve full pott, mange skodelystne på den nye tribuna, og i alt atten skåringar.

Fredag kveld var botnlaget Kolnes på vitjing, og sjølv om ikkje heimelaget fyrte på alle sylinderane, vart det ein trygg og god 3-0 siger. Som i førre heimekamp, vart det hattrick på Sigbjørn Siggi» Sævereid. Han stod for alle skåringane i kampen, to av dei etter retur på straffespark. Sævereid var frampå både etter Bjørnar Aastvedt sin straffe i første omgang, og etter Rune Torstenbø sin i den andre omgangen. Dermed redda Kolnes sin målvakt til inga nytte. Siggi» krona kveldens hattrick med å kjempa inn eit hjørnespark etter drøye timen.

Kolnes hadde lite å komma med i kampen, men dei låg lavt i bana, og kjempa for å begrense nederlaget.

Powered by Labrador CMS