Haugesund Sparebank har vore på draktene til Skjoldar i mange år. Her illustrert med damelaget til Skjoldar/Vats/Vik/Vind. Bak frå venstre Julie Bakkevik, Oda Wannberg, Lovisa Jamne, Tomine Teistedal Haraldseid, Kristin Vestre Skree, Perly Sandvik, Maren Haugen og Thea Karoline BlikraFramme frå venstre Ellen Kristine Frøland, Bjørg Irene Frøland, Silje Berge, Gjertrud Blikra, Lena Sjurseike og Mira Kalstveit.
ARKIVFOTO: MAGNE SKÅLNES
Fortset å vinne
Skjoldar/Vats/Vik/Vind var nådelause då dei fekk besøk av Avaldsnes/Kopervik/Vard på Skjold Stadion onsdag kveld. Med 4-1 siger held Grannar-distriktet sine beste kvinner seg på toppen av tabellen i 4. divisjon.
Thea Karoline Blikra opna scoringsballet. To mål av Oda Wangberg følgd av eitt frå Thea Karoline si søster, Gjertrud Blikra, gjorde at heimelaget var utanfor gjestane si rekkevidde då Mathea Aksnes sette inn ein sein redusering. Skjoldar/Vats/Vik/Vind har vunne åtte av ni seriekampar i år, og har tre poeng ned til Åkra og seks til Torvastad 9ar som begge har éin kamp mindre spelt. Samarbeidslaget sin neste kamp er borte mot Haugar komande måndag.