Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Første siger

Først i den sjette serierunden blei det siger og tre poeng til Etne. Laget møtte Haugar på utebane sundag kveld, og resultatet blei 2-3 etter 1-1 til pause.

Kristoffer Grønstad sendte Etne i leiinga etter snaue kvarteret av kampen, men to skåringar av Haugar like før og etter pause, sette press på det gjestande laget. 12 minutt av ordinær tid stod igjen då Bjørnar Aastvedt utlikna, og i det 86. minutt kom det viktige målet, signert Kenneth Krokå, som gjorde at Etne tok sin første siger etter opprykket til 4. divisjon.

Dei tre poenga førte laget oppover på tabellen, frå siste til åttande plass. Fredag er det ny serierunde då Buøy frå Stavanger kjem på besøk til Etne stadion, eit lag som har fått ein noko betre start på sesongen.

Powered by Labrador CMS