Godt støtta av unge volleyballjenter, får Eydis Dalen her prisen av leiar Asbjørn Aarekol i Vindafjord Idrettslag.
Foto: Privat
Eydis Dalen fekk innsatspris
Ho starta som trenar for volleyball i Vindafjord IL hausten 2017. Dei første åra trente ho gutar U17 og U19. Dei siste åra har ho saman med Anne Berit S. Tveit, trent jenter U15, U17 og U19.
Eydis Dalen frå Ølensvåg og no Ølen, har mykje kompetanse og stort nettverk innan sporten. Dette kjem Vindafjord IL til gode. Det har ho etter eigen karriere i Koll, Berlin BVC 68, Klepp og det norske landslaget. Dessutan ei karriere saman med Kristine Wiig frå Skudeneshavn på toppnivå i strandvolleyball. Ho prioriterte etter kvart bort idrett på elitenivå for studiar.
Ho var til dømes sentral for å få ordna U17 gutane sin treningsleir til Montenegro sommaren 2019, men heile tida veiledar ho og gir særs gode tekniske råd både til spelarar og andre trenarar.