(TYSVÆR BYGDEBLAD): Det var oppløftande å sjå kven som møtte opp då Tysværdamene i dag presenterte sin nye trenar for sesongen 2025. Blant dei 17 som spent lytta til Petter Leirdal Skaldebø, var mange av dei som spelte på suksessen Tysværdamene sist dei tre klubbane Stegaberg, Skjold og Falkeid samarbeidde.
— Eg har eigne tankar om dette, men er heilt klar på at det er viktig for meg å lytte til dei erfaringane de som enkeltspelarar har og ikkje minst som lag. Difor skal vi finne gode løysingar på rett tal treningar og satsingsmål, sa den tidlegare Nord-profilen i samtalen med spelargruppa i dag.
Forventningar
Det kom raskt fram at mange gledde seg til å starte opp igjen som eit felles damelag. Samtidig vart det reist spørsmål om alle var like mykje verd og om alle dei tre klubbane verkeleg ville satse på eit felles lag, slik a-laga til Skjold og Stegaberg har klart.
— Det kan vi love, og vi skal leggje til rette slik at ein kjenner at dette er eit felles prosjekt for damespelarar i 4. divisjon. Vi ønskjer å byggje vidare på dei erfaringane vi har gjort oss dei siste åra. Eit av dei etterspurde måla er å ha eit seniorlag som gjer at unge spelarar har noko å strekke seg etter, sa Øystein Odland, saman med Lorenz Amdal og Bjørn Skjoldevik som leia møtet.
Litt på vent
I salen sat mange av profilane frå førre satsing, i tillegg til gode spelarar som no har spelt for Stegaberg og for samarbeidslaget som Skjold og tidvis Falkeid har hatt med mellom andre Vard.
— Vi er spente og gler oss. No må vi få gjort dette kjent for alle som er aktuelle. Så får vi sjå kor mange vi blir. Vi har litt dårlege erfaringar med få på trening, men håper at mange blir med no når vi blåser liv i Tysværdamene, var det fleire som sa.
— Vi planlegg å starte treningane i veke 2. Då håper vi fleire har meldt seg, og at dei som var her i dag blir med. Eg har stor tru på dette og gler meg skikkeleg. At nokon er litt på vent, må vi ta som ei utfordring. Vi må presentere eit opplegg som dei synest er attraktivt. Det var kjekt å høyre at det sit profiler her som kan vere med å løfte heile laget opp på det nivået vi ønskjer å kome på. Eg kjenner dei ikkje no, men høyrer at her er det mykje å glede seg til, sa Petter Leirdal Skaldebø.
Tysværdamene skal spele i 4. divisjon og skal trene på anlegga til alle tre klubbane.