Cupen gjekk som smurt
Årets Etnecup med rundt to tusen deltakarar har gått knirkefritt, opplyser cupleiar Roar Gundegjerde.
Kjempefint, er oppsummeringa han gir både for innkvartering, trafikk og servering.
Cupen vart avslutta i dag med finalar for jenter og gutar i aldersklassa 13 år som er dei eldste. Her spelte Etne kamp mot Kopervik som drog det lengste strået 1-2.
Annonse
For jenter 13 år var Hinna Fotball som kunne hente pokalen heim.
Grannar har reportasje frå Etnecupen i avisa i morgon.