Rune Torstenbø, her i seriekampen mot Rubbestadnes, gjorde hattrick i bortekampen mot Skudenes.ARKIVFOTO: MAGNE SKÅLNES
Rune Torstenbø, her i seriekampen mot Rubbestadnes, gjorde hattrick i bortekampen mot Skudenes.

Bortekamp gav tre nye poeng

Fotball 5. divisjon: Etne drog heim med full pott etter 1-5 borte mot Skudenes torsdag kveld. Gjestene tok leiinga alt etter eitt minutt ved Sverre Ramsfjell. Leiinga heldt berre i nokre minuttar, og stillinga 1-1 held seg ut omgangen.

Etter sidebytte var det aldri tvil om kven som ville stikka av med sigeren. Rune Torstenbø netta alt etter to minuttar for Etne og blei kampens profil. Den tidlegare Ølen-spelaren skåra ytterlegare to gonger. Kristoffer Grønnstad var med og sikra ein komfortabel siger som enda 1-5.

Etne inntar med dette 3. plassen på tabellen og kjempar om opprykk til 4. divisjon saman med Nord og Avaldsnes. Neste kamp for Etne er mot Kolnes den 29. oktober på heimebane.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS