Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Widerøe har ansvaret for dei fleste rutene som får støtte. To ruter til og frå Mosjøen lufthavn i Nordland (bildet) får statsstøtte.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Widerøe har ansvaret for dei fleste rutene som får støtte. To ruter til og frå Mosjøen lufthavn i Nordland (bildet) får statsstøtte.

Widerøe får tildelt fleire anbodsutsette ruter frå april neste år

Publisert Sist oppdatert
Widerøe har fått tildelt dei siste rutepakkane i anbodet som skal flygast frå og med 1. april 2024. No byrjar ein omfattande høyringsrunde før rutetabellen endeleg blir vedteken.

Justeringar av den foreslåtte tidtabellen vil gjennomførast dersom dette kan gjerast utan å bryte anbodskrav, forverre tidtabellen på andre destinasjonar eller fordyre drifta slik at det går utover dei økonomiske rammene som er avtalte med Samferdselsdepartementet, skriv Widerøe i ei pressemelding.

Det er svært mange lokalsamfunn som skal høyrast før tidtabellane endeleg kan vedtakast. Høyringsrundane vil starte på Helgeland og Widerøe vil gradvis jobbe seg rundt i landet.

Maksimalprisen på anbodsruter blir halvert frå 1.april. Rutetabellane kan bli justerte, men nye prisar er allereie lagde inn i systemet. Widerøe forventar auka etterspurnad, spesielt på dei mest populære avgangane, etter at prisane blir kraftig reduserte. Dei tilrår difor å vere tidleg ute for å bestille billett på dei mest populære avgangane, då desse vil fyllast opp først.

Dette er rutene:

Ruter mellom Kirkenes, Vadsø, Vardø, Båtsfjord, Berlevåg, Mehamn, Honningsvåg, Hammerfest, Alta og Tromsø

Hasvik–Tromsø, Hasvik–Hammerfest, Sørkjosen–Tromsø

Stokmarknes–Bodø, Stokmarknes–Tromsø

Svolvær–Bodø

Leknes–Bodø

Røst–Bodø.

Brønnøysund–Bodø, Brønnøysund–Trondheim

Sandnessjøen–Bodø, Sandnessjøen–Trondheim

Mo i Rana–Bodø, Mo i Rana–Trondheim

Mosjøen–Bodø, Mosjøen–Trondheim

Namsos–Trondheim, Rørvik–Trondheim

Ørsta-Volda–Oslo

Førde–Oslo

Sogndal–Oslo

Sandane–Oslo

Ørsta-Volda–Bergen

Sogndal–Bergen

Sandane–Bergen

Powered by Labrador CMS