E134 over Haukelifjell er mellom mange vêr-utsette fjellovergangar i Noreg. Slik såg det ut ved Midtlæger tysdag morgon.FOTO: STATENS VEGVESEN/WEBCAM
E134 over Haukelifjell er mellom mange vêr-utsette fjellovergangar i Noreg. Slik såg det ut ved Midtlæger tysdag morgon.

Vêrforhold kan forseinke vaksinetransport

Smitteverndirektør Geir Bukholm i FHI forsikrar overfor NRK at vaksinane vil nå ut til alle kommunane, men innrømmer at logistikken er utfordrande på grunn av den korte haldbarheita.

Vaksinen til Pfizer og Biontech har ei haldbarheit på berre fem dagar etter utsending frå lagera i distrikta, der vaksinen blir lagra i minus 70 grader. Av tryggingsårsaker er det ikkje offentleg kjent kvar lagera er, eller kor mange det er.

— Blir lagra trygt

– Om det skulle bli nødvendig å utsetje transporten på grunn av vêrforhold, blir vaksinane lagra trygt i dei desentrale lagera, seier Bukholm.

E6 over Saltfjellet mellom Mo i Rana og Bodø, som vart stengde eller kolonnekøyrt over 140 gonger i fjor vinter, blir nemnd som eit døme der omkøyringane er lange og vanskelege.

– Dette vil bli den mest krevjande massevaksinasjonen nokon gong, seier kommuneoverlege Frode Berg i Rana.

— Liten vinterstorm nok

Rana kommune ventar på den første leveransen sin på 115 vaksinedosar.

– Ein liten vinterstorm er nok til at det blir kluss med leveransane. Vi forstår at dette kan bli krevjande, seier Berg.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS