Knut Geir Prestegård (f.v.), Elin Magdalena Korvanen Mæland, Jon Magne Svendsbøe og Einar Heskja tok turen opp på Sætrafjell over Dommernses for å sjå området frå oven.
FOTO: PRIVAT
Vil stoppa utbygginga av industriområde på Dommersnes – inviterer til rusletur
Bevar Ålfjorden Perle har jobba mot industriprosjektet på Dommersnes over lang tid. No inviterer dei til ein tur i området, for å visa omfanget av dei planlagde inngrepa.
Søndag 21. juli inviterer foreininga motstandarar, forkjemparar, lokalpolitikarar og journalistar til å bli med å rusla langs yttergrensene for Windafjord Port sine planar for industriområdet.
— Me synest alle burde få mogelegheita til å sjå omfanget av området som eventuelt skal utbyggjast, og all naturen og skogen som kjem til å bli ramma, seier Jon Magne Svendsbøe.
Han er styreleiar i foreininga, som ifølgje beskrivinga deira jobbar for å ta vare på Vikebygd, ved å hindra utbygginga av Dommersnes industriområde.