Leiar for drift og personell ved Toraneset Miljøpark i Vindafjord, Ole A. Svendsen (i midten), administrerande direktør Gro Staveland i HIM og arbeidsformann Håvard Kaldestadbakken, seier dei tar klager på lukt på alvor og er på jakt etter å eliminere årsakene. Her ved kompostanlegget som i enkelte tilfelle kan vere årsak til luktbombene naboar opplever.
Foto: Jon Edvardsen
Vil ordna opp i luktproblem
Episodar med ille lukt frå Toraneset Miljøpark får naboar til å reagere. Også denne sommaren har lukt frå søppelanlegget tvunge folk innandørs.
— Det kan bli så ille at ein vil brekke seg, seier Hilde Gundersen.
Ho er leiar av Haugen vel og bur i nabolaget til Toraneset Miljøpark i Skjold.