Kommunedirektør i Etne kommune, Bjørn Tollefsen, er godt fornøgd med det rekneskapen for 2021.
Arkivfoto: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Vil investere for å gjere Etne meir attraktiv
Måndag ettermiddag la kommunedirektør Bjørn Tollefsen fram sitt forslag til budsjett for 2022. Som venta låg det ingen bomber» i dokumentet i form av større strukturelle endringar i drifta av kommunen. Det er også få store strukturelle grep ein kan ta, ettersom i praksis alle grendeskuler utanfor Etne og Skånevik er lagt ned og dei mest avanserte pleie- og omsorgstenestene for lengst er samla i Etne.
Frir til dei unge
Men den gode økonomistyringa som har prega kommunen dei siste par åra gir rom investeringar, noko kommunedirektøren meiner er viktig for å gjere kommunen meir attraktiv og dermed kome skumle demografiske framskrivingar i møte.