Vats kyrkje tilbyr no sms-teneste til kyrkjelyden om ei gudsteneste skulle bli endra eller avlyst. Arkivfoto
Vil innføra sms-teneste i kyrkja
Karin Mesecke Koltveit er aktiv i kyrkjelyden i Vats, og opplyser at det har blitt ein god del forandringar i gudstenestetider, og avlyste gudstenester grunna smitteverntiltak eller sjukdom. Når desse meldingane har kome på eit seint tidspunkt, slik at tida blir for knapp til å opplysa kyrkjegjengarane, har fleire kome til låst kyrkjedør. — Det me ønskjer no er å få til ei sms-teneste. Det er ikkje alle som er like aktive på å sjekka nettet, men dei fleste har ein mobiltelefon. Derfor vil me no tilby at folk kan setja seg opp på ei liste i kyrkja, slik at dei vil få ein sms om gudstenesta blir avlyst, eller andre forandringar, seier Koltveit.
Slik kan dei vera sikre på at alle som ønskjer å koma i kyrkja, får melding dersom endringar skulle oppstå.