Innsendaren meiner folk i Skånevik må engasjere seg mot den nye båthamna som søkjer om dispensasjon.
FOTO: GOOGLE STREETVIEW
Vil bygge gjestebrygge og parkeringsplassar
Eit større anlegg med båtplassar, gjestehamn og tilhøyrande parkeringsplassar er under planlegging sentralt i Skånevik. Går alt etter planen kan det stå klart til sommarsesongen neste år. Men dei nærmaste naboane jublar ikkje.
Det er ekteparet Ørjan Mortveit Tveiten og Maren Tungesvik Tveiten som eig den aktuelle eigedomen, som ligg like aust for Norsk Motormuseum. Tomta, som har avkøyrsle ned til eit bryggeanlegg i sjø, er i kommuneplanen regulert for føremålet dei vil søke kommunen om løyve til å gjennomføre.
Ørjan Mortveit Tveiten fortel til Grannar at mange har gitt uttrykk for at det er vanskeleg å få tak i båtplass i Skånevik.
— Det er òg ytra ønskje om at det trengst ei god gjestehamn med større kapasitet i bygda, og vi er glade for å ha mogelegheit til å bidra med det, seier han.