Vegvesenet fann 93 avvik i Rogaland og Vestland då dei sjekka om kontrollorgana som utfører EU-kontroll følgjer habilitetsreglane i lovverket.
ILLUSTRASJONSFOTO: THERESE LINDSETH/STATENS VEGVESEN
Verkstad-leiarar tok EU-kontroll på sine eigne bilar
Statens vegvesen refsar to bilverkstadar i Grannar-distriktet etter at dei har utført EU-kontrollar på køyretøy eigd av eigne tilsette. I Rogaland og Vestland vart det funne habilitets-avvik ved kvart femte av nesten 500 tilsyn.
Den 1. oktober 2018 trådde eit nytt habilitetsregelverk for verksemder som har godkjenning for å utføre periodisk køyretøykontroll, eller EU-kontroll om du vil, i verk. Det nye punktet i forskrift for periodisk kontroll av køyretøy krev at teknisk leiar, og vedkomande sin avløysar, må få utført både hovudkontroll og etterkontroll på køyretøy dei eig sjølv, av andre kontrollorgan enn der dei sjølv jobbar. Dette skal sikre at dei som utfører kontrollane skal vere fri for ei kvar interessekonflikt, og at ingen skal kunne stille spørsmål ved habiliteten i kontrollarbeidet som kontrollorganet utfører på vegner av det offentlege.
Éin av fem braut lova
Nyleg kontrollerte Vegvesenet sitt tilsynsorgan i region Vest alle dei 484 godkjende kontrollorgana i Rogaland og Vestland fylke. Dette ved at dei undersøkte kven som hadde utført både hovudkontroll og etterkontroll av køyretøy som sto registrerte på dei aktuelle personane. Resultat var nedslåande. Tilsynet fann heile 93 avvik.