Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp, t.v.) i Vindafjord, og dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port (t.h.) er glade for at regjeringa vil bruke pengar for å få fart på Utsira Nord. Her med kommunedirektør Yngve Folven Bergesen under ei synfaring på Dommersnes i februar.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Energi
— Veldig positivt for planane på Dommersnes
— Dette er veldig både positivt for flytande havvind og planane på Dommersnes, seier dagleg leiar Jørgen Jorde i Windafjord Port.
I november 2024 annonserte styret i selskapet at dei utsette oppstarten av fase 1 i den planlagde utviklinga av industriområdet i Vikebygd. Bakgrunnen er utsetjinga av Utsira Nord, uavklarte rammevilkår for flytande havvind i Nordsjøen og auka utbyggingskostnader, heitte det i ei pressemelding frå Windafjord Port den gongen.
Ein reguleringsplan for heile prosjektet er på høyring fram til 22. april.