Emma Bjelland Ingebrigtsen er ny skribent for Grannar. Foto: Rina AspmoGrannar-skribent Emma Bjelland Ingebrigtsen, får utmerking av Nobels Fredssenter. Foto: Rina Aspmo
Emma Bjelland Ingebrigtsen.

På tampen

Vel med omhug

Publisert Sist oppdatert

Har du nokon gong tenkt over kven du er og korleis du følar deg, avhengig av kven du har rundt deg? Er det ikkje rart dette med at vi kan endre oss så fort basert på kven vi omgåst?

Har du nokon gong følt deg veldig liten rundt nokon personar eller i nokon grupper? Kanskje du ikkje følar deg høyrd eller at nokon er interessert i å høyre kva du har å seie når du tek ordet i eit jobbmøte eller i ein vennegjeng. I slike settingar kan eg ta meg sjølv i å bli veldig tilbakehalden og stille blant dei andre, eller så kan eg kan bli usikker og jatte med, sjølv om eg eigentleg ikkje er einig i det som blir sagt. I ei gruppe med menneske der du ikkje følar at du kan vere deg sjølv, er det så lett for å stille seg sjølv spørsmål som Kva er galt med meg? Er det eigentleg plass til meg her? Passar eg eigentleg inn blant dei andre?» Det kan vere ganske vondt å kjenne på desse tinga.

Men, du har kanskje også opplevd det motsette? At med andre menneske klarar du å vere deg sjølv. Du følar at du blir høyrd og sett av dei andre, og du føler at du høyrar til det fellesskapet du er i. Du tør kanskje å ta plass, seie det du meiner, og at det nettopp er rom til at du kan vere deg sjølv akkurat som du er. Det kjennes ofte veldig godt – følelsen av å høyre til og å føle seg viktig. Er det ikkje merkeleg at følelsen vi har endrar seg avhengig av kven vi er saman med?

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS