I Krogevannet i Agder er det påvist svært høge kloridkonsentrasjonar og oksygenmangel i botnvatnet.
Foto: Tobias Karlsson/ Norconsult
Vegsalt ikkje bra for miljøet i mange innsjøar
Undersøkinga for 2024 viser at 14 av 25 undersøkte innsjøar langs hovudvegar i Vestfold, Telemark og Agder var forureina av vegsalt.
I 2023 viste resultata at 28 av 37 undersøkte innsjøar i Østfold, Oslo, Akershus, Buskerud, Telemark og Vestfold var påverka av vegsalt. 10 av desse var sterkt forureina.
– Vegsalt er eit problem for naturmangfald og vassmiljø i mange innsjøar. Høge kloridkonsentrasjonar kan føre til oksygenmangel i botnvatnet, noko som er skadeleg for fisk og andre vasslevande organismar, seier sjefingeniør Lene Jacobsen i Klima og miljøseksjonen i Statens vegvesen i ei pressemelding.