Anderas Grumheden (Ap) sa frå Etne kommune sin talarstol at han hadde eit ønske om å sova godt i natt. Etter kommunestyrevedtaket tysdag, får han truleg det.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Vedtok avtale om framtida til Skakke
Andreas Grumheden (Ap) proklamerte frå talarstolen til kommunestyret i Etne, at han hadde eit ønske om å kunna sova godt i natt. Og med semje om Skakke-avtale, får han truleg det.
I omtrent heile sin politiske karriere har Skakke-saka vore eit stor sak som har tatt mykje tid for Andreas Grumheden. Tysdag skulle det heile avgjerast i Etne kommunestyre, og Ap-leiaren gledde seg til å legga seg for kvelden.
— Eg har eit ønske om å få sova godt i natt, og eg håpar det kan bli ein realitet, sa han til kommunestyret.
Bakgrunnen for uttalen var Skakke-saka, og kor vidt kommunen skal ta i mot 30 millionar kroner frå Sparebankstiftinga i Etne. På bordet låg ein intensjonsavtale med Sparebankstiftinga Etne (SE) for å sikra framtida til Skakke. Etter lang tids forhandlingar fekk eit forslag om ein intensjonsavtale fleirtal, og forslaget fekk støtte av både Senterpartiet, Industri- og næringspartiet, Kristeleg Folkeparti, Høgre, Venstre og Arbeidarpartiet. Framstegspartiet stemte imot forslaget fordi dei ville redusere kommunen sin eigarandel – ikkje auka den.