Etne formannskap under eit møte i oktober 2024 der Skakkesaka låg på bordet.Arkivoto: Grethe Hopland Ravn
Vedtok å gå vidare med avtale om Skakke AS
Etne kommune stiller seg positive til å gå inn for ei omdanning av Skakke SA til eit ideelt aksjeselskap, slik det er skissert i avtaleutkastet datert 14. april 2025 og revidert i tråd med dei politiske føresetnadene i vedtaket.
Vedtaket (sjå faktaboks) blei fremja av Kenneth Karlsen og Framstegspartiet, med Siri Lundal Hustveit i Høgre, Øyvind Kaldheim i Kristeleg Folkeparti og Andreas Grumheden i Arbeidarpartiet som medforslagsstillarar. Johan Strømsvold og Venstre ville ikkje vera medforslagsstillar, men stemte likevel for forslaget, mens Sjur Aakra og ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim i Senterpartiet røysta imot.
— Eg er kjempefornøgd med at me fekk fleirtal for dette forslaget, seier Kenneth Karlsen (Frp)