Ved enden av vegen
Med berre fem fastbuande familiar er ikkje Årvik det staden ein gong var, men Espen Årvik vel å flytte sin vesle familie tilbake til heimplassen og håpar dottera vert like glad i staden ved enden av vegen som han er.
— Barnebarnet mitt, Hanne vert tiande generasjon her på garden når ho overtar, fortel Jarle Årvik.
Saman med kona Hanne Jorunn Helgeland gler han seg nå til at den vesle familien på tre skal flytte inn i hovudhuset borte i tunet. Huset er restaurert på utsida, men inni er det endå mykje som må gjerast. Det er som eit tom skal, med eit par gamle tømmerveggar og halve golv inni.
Storgard tidlegare