Mykje tydar på at Hatteland-konsernet må finne nye leigetakar til areala som AutoStore har leigd i Åmsosen i Vats sidan selskapet blei selt ut i 2016.
FOTO: HATTELAND
Næringsliv
Vats kan miste nesten 140 arbeidsplassar
Dagens 138 AutoStore-arbeidsplassar kan forsvinne frå Åmsosen i Vats, viss selskapet gjer alvor av sine byggjeplanar på rådhustomta i Aksdal i Tysvær. Vats-patriot og konsernsjef i Hatteland Gruppen, Stig Hatteland, er likevel ikkje uroa med tanke på sysselsetting og busetjing i bygda.
Då Hatteland-konsernet selde lagerrobot-selskapet AutoStore til svenske EQT i 2016, inngjekk selskapet ein 10 år lang leigeavtale med Hatteland-konsernet om leige av lokalet selskapet var etablert i. No går leigeavtalen snart ut, og mykje tyder på at AutoStore flyttar til Aksdal i Tysvær.
Store Aksdal-planar
Børsnoterte AutoStore er ordknappe om framtidsplanane sine, men det er ikkje nokon hemmelegheit at selskapet over fleire år har hatt ein dialog med Tysvær kommune om kjøp av tomt i Aksdal. Grannar har stilt fleire spørsmål til selskapet, mellom anna om det no er signert kontrakt om kjøp av tomt i Tysvær, og når selskapet ser for seg å opne eit nybygg i Aksdal.