Ølen sentrum.
ARKIV/JON EDVARDSEN
Varslar om støyande aktivitet i arbeid med kraftlinje
— Me brukar implosjonsmateriell i arbeidet med å skøyta kablane og
ferdigstilla nokre av mastene, skriv Dalekovod i ei pressemelding.
Kvar sprenging vert varsla med sirene. Smella vil
likevel høyrast over eit mykje større område enn det sirena kan høyrast.
Arbeidet med skøyting ved
bruk av sprengskøyter startar torsdag 26. februar og vil halda fram til om lag torsdag 26. mars Arbeidstida er måndag til og med laurdag klokka 07.00 til 18.00.