Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Variert program for store og små

Publisert Sist oppdatert

Kvart år lanserer biblioteket i Vindafjord eit rikhaldig haustprogram med noko for ein kvar smak. Og sjølv om koronaspøkelset luskar rundt hjørna denne hausten, har biblioteket valt å setja opp ei rekkje aktivitetar for barn og vaksne i håp om at dei let seg gjennomføra. Størsteparten av programmet går føre seg frå oktober til byrjinga av desember, men alt til helga er det duka for ein liten forsmak når startskotet går for litteraturformidlingsprosjektet Heile Rogaland les.

— Hausten er tid for arrangement, og sjølv om det er usikkert med korona er me nøydd til å leggja planar. Laurdag startar Heile Rogaland les og me skal laga utstilling der folk kan henta gratis bøker. Måndag skal me køyra bøkene ut til grendene der det er utleveringsstasjonar, seier biblioteksjef Any Tordis Heggebø som vil ha årets bok om ulykka ved Alexander Kielland-plattforma klar i biblioteklokalet på Sjøperlo i Ølen til helga.

Boka Plattformen som ikke kunne velte» av Tord Paulsen og Marie Smith Solbakken, markerer at det er 40 år sidan ulykka der 123 menneskeliv gjekk tapt og 89 personar blei redda. Seinare utpå hausten gjestar forfattarane biblioteket, der dei skal halda føredrag om boka.

Powered by Labrador CMS