Dagleg leiar ved Ølen Betong, Lars Arvid Norekvål, hadde høg aktivitet i 2023.
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Vaks med over 180 millionar
2022 blei eit godt år for Ølen Betong AS. Ein omsetnad på 871 millionar kroner førte til eit overskot på 42,6 millionar etter skatt.
Dette kjem fram i ei pressemelding frå selskapet. Omsetnaden i 2022 var 183 millionar høgare enn i 2021, då inntektene var på 688 millionar.
Høg aktivitet
Tal frå årsrekneskapen viser at driftsresultatet til betongselskapet før avskrivingar i fjor blei 72,3 millionar mot 56,9 millionar året før, og 55,6 millionar mot 43,3 millionar etter avskrivingar. Resultatet før skatt i 2022 blei 54 millionar mot 44,9 millionar i 2021, og 42,6 millionar mot 35,4 millionar etter skatt.
I pressemeldinga skriv selskapet med hovudkontor i Ølensvåg at auka i omsetnad og resultat målt mot 2021 skyldast blant anna høg aktivitet på̊ mobile prosjekt, auka aktivitet ved elementfabrikken for tunnel og samferdsel i Sveio, samt at fire avdelingar i Nord-Noreg ble fusjonert inn i Ølen Betong frå 2022. Prisvekst grunna kostnadsauke på̊ råvarer og andre innsatsfaktorar har også̊ bidratt til auka omsetnad i 2022.
Rekordstor ordrereserve