Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Kjetil Ulland (t.v) og Stig Morten Sørheim er to av eigarane av Lydloftet AS. Her avbilda i samband med at artisten Tom Roger Aadland spelte inn musikk i ABC Studio. ARKIVFOTO: GRETHE HOPLAND RAVN
Kjetil Ulland (t.v) og Stig Morten Sørheim er to av eigarane av Lydloftet AS. Her avbilda i samband med at artisten Tom Roger Aadland spelte inn musikk i ABC Studio.

Uvisse for ABC Studio

Publisert Sist oppdatert

Framtida til Gamle Enge Skule nærmar seg ei landing. I dag disponerer Lydloftet AS lokala der dei driv ABC Lydstudio. Det skjer gjennom ein leigeavtale dei fekk med Etne kommune i 2006, etter at dei opphavlege lokala lydstudioet skulle etablere seg i brann ned dagen før opninga i 2005. Leigeavtalen dei fekk var på ti år, og i samband med reforhandling av denne har partane diskutert mogleg overtaking av bygget.

Lydloftet ville nemleg ikkje godta ei husleigeauke frå 1.190 til 3.500 kroner i månaden då dei vart førespegla dette i desember 2015. Dei bad i staden for om å få kjøpe eigedomen, som dei gjennom dugnad og investeringar har brukt nesten 1,5 millionar kronar på å gjere klart som lydstudio, for 10.000 kroner.

Kommunestyret vedtok i fjor at Lydloftet eller personar bak verksemda kan få kjøpe, men då til takst. Det vart innhenta fleire verdivurderingar som sprika kraftig. Rådmannen har difor lagt eit gjennomsnitt av den lågaste på 275.000 og den høgaste på 760.000 kroner til grunn, og tilbyr Lydloftet å kjøpe for 580.000 kroner. Politikarane i Etne formannskap skal ta stilling til saka komande tysdag. Kommunestyret får siste ordet i saka i sitt møte 21. juni.

Powered by Labrador CMS