Hilde Hellenes (Ap), Andreas Grumheden (Ap), fungerande kommunedirektør Åsmund Sekse, ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim og Andreas Aune( Sp) diskuterte kva det nye SFO tilbodet dreiar seg om.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Utset SFO-endringar
Ny modell av organisering av SFO i Etne kommune blei sett på vent og dagens ordning forlenga med eitt år. Det blei bestemt under kommunestyremøtet.
Etne kommune har i dag eit tilbod om skulefritidsordning ved barneskulane før og etter skuletid. Tilbodet er for barn i 1.-4.- klasse. Ein kan velja å ha ei ordning gjennom heile året, eller ei ordning der ein brukar SFO i skulevekene, men ikkje nyttar SFO i feriane.
Eitt alternativ er å ha SFO over 11 månader med SFO som følgjer skuleruta og er stengt fire samanhengande veker i juli månad, i frå 1. juli til 1. august, og fem planleggingsdagar i løpet av skuleåret der det er stengt.
Eit anna alternativ er SFO over 10 månader med oppstart første skuledag i august, og slutt siste skuledag i juni, og fem planleggingsdagar i løpet av skuleåret der det er stengt på SFO. Her betaler ein for å nytta SFO i skulevekene, og må eventuelt kjøpa dagar og veker i skuleferiane.