Ambulansen frakta sjåføren til sjukehus.Foto: Torstein Nymoen
Ambulansen frakta sjåføren til sjukehus.

Utforkøyring i Vats

Ein eldre mann blei sendt til Haugesund sjukehus med ambulanse etter ei utforkøyring på E134 i Vats måndag morgon. Andre bilar var ikkje involverte i ulukka som skjedde på ei rett strekkje ved Eikelandsmyrane. Sør-Vest politidistrikt avd. Haugesund reknar med at utforkøyringa har ei medisinsk årsak. Bilen var på veg vestover då den hamna på eit jorde på høgre side av vegen.

Powered by Labrador CMS