Willy Asbjørn Lunde (t.v.) og Jan-Erik Fedje i Etne IL håpar at det denne gongen blir realisert planar for nytt friidrettsanlegg på Etne stadion, til gode for idrettslag, skular og allmennheita for øvrig.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Ute av startgropa
Det er framleis i uttenkingsfasen, men ting har for alvor begynt å rulle for eit mogleg nytt friidrettsanlegg på Etne stadion til rundt 17 millionar.
Nåverande Etne stadion blei bygd for nær 40 år sidan, i 1980. Sjølv om han då heldt den dagens standard, og har eigna seg godt til ei heil rekke friidrettsarrangement som har blitt halde i Etne opp gjennom åra, er behovet for ei opprusting stort i 2019. Sentralt for planane er erstatninga av den slitte grusbanen rundt fotballbanen med ein ny løpebane av kunstdekke.
— Det har vore prøvd av idrettslaga i kommunen å få til ei opprusting fleire gonger tidlegare, utan at dette har blitt noko av. Men me har aldri vore så langt på veg som me er nå, og håpar at denne gongen blir det ei realisering, seier Jan Erik Fedje, saman med Willy Asbjørn Lunde i Etne IL friidrettsgruppa.
Skrinlagt tradisjon