Båteigar Nils Kjetil Eikemo er fortvila over å ha mista to båtar til vêrgudane på berre eitt år. I helga sank skyssbåten Silvana» (avbilda). No vurderar han å flytte frå Eikemo. Arkivfoto: Arne Frøkedal
Båteigar Nils Kjetil Eikemo er fortvila over å ha mista to båtar til vêrgudane på berre eitt år. I helga sank skyssbåten Silvana» (avbilda). No vurderar han å flytte frå Eikemo.

Usikker framtid etter båthavari

Skyssbåten har vore viktig for å halde liv den veglause grenda Eikemo i Åkrafjorden. I helga vart båten senka av vêrgudane.

Publisert Sist oppdatert

Toppen av masta er det einaste punktet som er over vatnet i fjorden. Silvana» på 70 fot måtte gi tapt til dei sterke naturkreftene som herja frå fredag kveld og utover laurdagen.

Krev erstatning

Skyssbåten frakta både kraftfôr, post, geiter, geitemjølk og menneske mellom Eikemo og fastlandet, og har gjort det mogleg å leve på Eikemo sidan 2003. Då overtok Nils Kjetil Eikemo oppgåva etter faren sin. No er framtida med eitt uviss for dei tre husstandane, som alle driv med sauer og geiter.

Dette er den andre båten Nils Kjetil Eikemo har mista på berre eitt år. Den førre gjekk ned då Dagmar herja på nyåret. Båteigaren, som var bortreist då hendinga skjedde, legg ikkje skjul på at han ser svart på situasjonen.

— Dette har eg venta på lenge. Eg er godt kjend med vêrforholda her. Gjennom åra har eg tilbrakt mange netter vaken i bilen for å passa på båtane fordi me ikkje har skikkeleg hamn. Det er Etne kommune sin feil at båten gjekk ned. Me har bede om ei hamn i 16 år allereie, seier han og meiner at kommunen bør gi han ei erstatning eller kompensasjon for den øydelagde båten.

Vurderar å flytte

— Det synest eg berre er rett og rimeleg. Livsverket mitt er borte, og eg er i grunn økonomisk ruinert. Forsikringa dekkar ikkje meir enn sjølve båten, og ikkje inntekta som eg tapar i mellomtida. Den vil heller ikkje bli billeg å heve den 50 tonn tunge båten opp frå fjorden og restaurera den. Etter det som har skjedd i helga, vurderar eg å flytte frå Eikemo. Så får heller kommunen fikse nokon andre til å ta seg av frakta av geitemjølk og kraftfôr, meiner Nils Kjetil.

I haust vart han også varsla av Posten om at dei ønskjer å legge ned ruta på Eikemo der han er fast postomberar frå nyttår.

Nils Kjetil eig også ein liten båt, men påhengsmotoren forsvann i uvêret i helga. I tillegg har han ein større båt på rundt 30 fot som ligg til oppussing i Norheimsund. Båten er planlagt å vere ferdig til jul eller nyttår. Difor er det berre Geir Arne Eikemo som har ein fungerande båt på Eikemo. Det var også han som passa båtane då stormen herja i helga.

Kan ikkje frakte kraftfôr

Men båten til Geir Arne på rundt 24 fot er berre ei fattig trøyst i den heller håplause situasjonen. Den kan nemleg ikkje frakte leveransane med fleire tonn kraftfôr som geitebøndene er avhengige av å få. Leveransane er venta allereie på tysdag.

— Skyssbåten har vore hovudpulsåra vår, og har halde liv i oss. No har den blitt kutta. Blålysa bør blinke merkbart for politikarane no. Det må bli orden på ei hamn her inne, me kan ikkje investere i nye båtar kvart tiande år på denne måten. Folk kjem til å flytte dersom det ikkje blir ein ordning på det, meiner han.

Powered by Labrador CMS