Norske F16 kan snart vere i ukrainsk luftrom. USA har godkjent ei overføring av norske kampfly til Ukraina.
Foto: Jan Langhaug / NTB / NPK
USA har gitt klarsignal for overføring av norske F16 til Ukraina
Noreg kan overføre 22 F16 til Ukraina, etter ei godkjenning frå amerikanske styresmakter.
Det får Nettavisen stadfesta. Godkjenninga betyr ikkje at Noreg vil donere 22 fly. Norske styresmakter har ikkje fastsett noko tal, men allereie blir to norske F16-fly brukte til opplæring av ukrainske jagarflypilotar.
Sjølv om Noreg eig jagarflya må amerikanske styresmakter godkjenne overføring av flya til andre land, noko dei no har gjort ifølgje nettstaden Zona Militar.