Lars Jørund Flesland (med mikrofon) og Sondre Hetleflåt Bråten var to av representantane i debattpanelet.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Unge debattantar
Tiandeklassingane ved Enge skule har fått opplæring i korleis ein god debatt skal gjennomførast, og målet er å skapa gode samfunnsdebattantar gjennom prosjektet Me snakkast».
Det går livleg føre seg i auditoriet på Enge skule i Etne. Tiandeklassingane har fått besøk av redaktør Svein Olav Langåker nyhende- og debattsida Framtida.no, og han har via dagen til å læra elevane litt meir om korleis ein arrangerer ein god debatt.
— Ungdom i alle Sunnhordland-kommunane skal i løpet av 2015 få vera med på å arrangera aktuelle debattar i åtte bibliotek. Ungdommane får sjølv bestemma kva debattane skal handla om, og får opplæring i å arrangera og leia debattmøte, seier Langåker.