Ungdommeleg kulturvariasjon

Salen i kulturhuset i Etne var velfylt, då årets Ungdommens kulturmønstring (UKM) gjekk av stabelen […]

Publisert Sist oppdatert

Salen i kulturhuset i Etne var velfylt, då årets Ungdommens kulturmønstring (UKM) gjekk av stabelen på laurdag. Ikkje berre kunne ein sjå foreldre, besteforeldre, søsken og venner av ungdommane som presterte frå både scena og frå utstillingshallen, men her var også lærarar frå både skule og kulturskule å sjå. Noko som vitnar om eit svært solid støtteapparat og ei flott inspirasjonskjelde for dei unge.

Rocka, vakker og variert
Heile 31 innslag fordelt på 67 deltakarar var påmelde i Etne i år. Rektor ved kulturskulen i Etne, Nils Halleland seier ein treng ikkje finne opp krutet på nytt, ein treng berre få fram potensiala som allereie ligg i den flotte ungdommen i bygda vår. Ein skal vera tilstades og hjelpa dei unge opp og fram. At det vanka talent i alle variantar på kulturhuset denne dagen, var det inga tvil om. Dei som satt i salen fekk oppleva eit variert program. Musikarar og solistar, rockegrupper og dansarar. Mellom anna fekk publikum høyre 13 år gamle Oda Kristin Landa Enge som song ”Nocturne” Ei framifrå stemme i ein ung kropp. Songen er krevjande med tonar både høgt og lågt på skalaen, men Oda meistra dette svært godt.
Frå det nydelege og rolege til det rocka var svært kort. Gruppa ”Blaxtar” med Bobby Fredriksen (13), Oskar Kringlebotten (13) og Ingvar Filip Løvgren Auestad (14), var ei rein og skjær frydefull oppleving. At dei har talent i massevis beviste dei for alvor då dei smalt i gong på scena. Bobby Fredriksen på slagverk var rein underhalding. Trass sin unge alder, sat han meir eller mindre å leika seg med både trommestikker, diverse trommer, hi-hat og sumbalar med imponerande tempo og teknikk. Både Ingvar Filip Løvgren Auestad på bass, og Oskar Kringlebotten på gitar gjorde ein glitrande innsats! Kringlebotten imponerte også med ein solid gitarsolo mot slutten.

Kunstnarar
Det var ikkje berre i stereo me kunne nyta flotte ungdommar i Etne. I storsalen på kulturhuset var det også laga til utstilling. Her kunne ein få eit innblikk både i kunstnarane sine sinn og sjå deira kreative utfaldingar. Mellom anna fekk me gjennom ein kollasj sjå kva Helene Fosse på femten år elskar. ”I LOVE” heiter kunsten hennar, som viste mange små bilete av menneske og dyr som var senter i livet hennar. Alle desse små bileta var sett saman til eit stort samansett kunstverk. Ei anna som også let oss få eit innblikk i tankane sine, var tolv år gamle Ida Helen Rossehaug. Hennar kunst var ein avisklippkolasj, som hadde fått namnet ”Ordhavet” Eit kunstverk med avisutklipp, med ord og setningar på kryss og tvers. Kva kunstnaren har hatt i tankane då ho laga det, vitast ikkje – men kunsten er laga på ein slik måte at ein kan godt gjere seg eigne tankar om nettopp dette.

Filmsnuttar
Også gjennom små filmsnuttar, klarar ungdommane å spreie sine bodskap. Mellom anna får ein innblikk i korleis det kan opplevast å vera eit mobbeoffer. Ein får også vera med på ein dag i skogen. Dette var flotte stillbilete frå skog og mark.
Det var nok ingen som ville vore i juryen sine sko denne dagen. Årets jury beståande av Erik Kvalheim, Rolf Øygjord og Monica Pedersen hadde garantert ei vanskeleg oppgåve, når dei skulle plukke ut deltakarane som skulle sendast vidare til fylkesmønstringa i Bergen.

Desse gjekk vidare til mønstringa i Bergen:

• Thomas Klungland – piano
• Oda Kristin Landa Enge – song
• Ingvild og Katrine Ness – song og gitar
• The UnNamed – gruppe, song og musikk. Beståande av Bernhard Løyning, Bernhard Inge Vannes, Elise Eriksen, Lene Røgelstad, Marie Kristiansen, Rolf Andrê Ness og Tom Bjørnsson
• Blaxtar – gruppe, song og musikk. Oskar Kringlebotten, Ingvar Filip Løvgren Auestad og Bobby Fredriksen.
• GOGO – Turndans med Amalie Iversen og Vilde Haugen
• Margit og Knut Flatebø – Vinterdag i skogen. Fotoframsyning med stillbilder
• Silje og Helene Fosse – ”Scream” fotomanipulasjon
• Margit Flatebø – ”Frå slips og dongeribukse – til veske” og ”Pynt deg med makrame!” Teknikk: Sying.

Sjå bilete frå UKM i Grannar sitt fotoalbum her

Powered by Labrador CMS