Alxander Høyland (12) viser stolt fram laksen på 3,8 kg.
Alxander Høyland (12) viser stolt fram laksen på 3,8 kg.
Risikosport! Å lære ein tiåring flogefiske kan vera i overkant spennande, fortel Håvard Kambo medan han hjelper Erlend Kambo Hersvik den vanlegvis så elegante fangstmetoden.
Risikosport! Å lære ein tiåring flogefiske kan vera i overkant spennande, fortel Håvard Kambo medan han hjelper Erlend Kambo Hersvik den vanlegvis så elegante fangstmetoden.
Dennis M. Kringlebotten på seks år, er ein ivrig og lite tolmodig kar. Han ville byte sluk etter kvart kast, eller i det minste eit par steg eine eller andre vegen.
Dennis M. Kringlebotten på seks år, er ein ivrig og lite tolmodig kar. Han ville byte sluk etter kvart kast, eller i det minste eit par steg eine eller andre vegen.

Ung fiskar lurte laksen

Spinnar, sluk, makk og floge. Vala var mange, men det var ein blank spinnar med raude prikkar som lurte laksen på snøret til Alexander Høyland i Etneelva.

Publisert Sist oppdatert

—Eg har fiska veldig masse etter laks, men ikkje her i sone tre før. Dette er den andre laksen eg har fått i år, den fyrste fekk eg i Sørelva. Det er ofte der eg fiskar sidan bestefaren min eig der. Det er besten og oldefaren min som har fått meg interessert i laksefiske, ja og fleire andre i familien. Mange driv med det, fortel Alexander Høyland på tolv år. Etter å ha fått fisk set han seg solidarisk ned for å vente slik at nokon andre skal få sjansen til å få fisk. Kvoten er på to, og den må ein overhalda meiner han.

Sjølvplukka makk

Det er mange val innan reiskap for å få laksen på kroken. Og sjølv om dagens fangst var på ein spinnar, er den unge fiskaren glad i å bruke makk. Og makken grev han sjølv kring heimen på Osnes, noko oppdrettsmakk skal han ikkje ha.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS