Under eit tidlegare besøk i Etne: Etne-ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, Åslaug Sem-Jacobsen og Kjersti Toppe på kontoret til avisa Grannar.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Tysdag kjem Kjersti Toppe til Etne
Statsråden besøker i løpet av 27. og 28. januar kommunane Samnanger, Kvam, Ullensvang, Etne og Kvinnherad. I løpet av denne reisa får ho innblikk i alt frå frivilligsentralar og kulturtilbod til kyrkjelege prosjekt og tiltak for barn og unge. Måndag var ho innom Ådland kyrkje i Samnanger, frivilligsentralen Grannehjelpa i Kvam, eit fjøsbesøk hos Jon Larsgard i Ullensvang og Sentralbadet litteraturhus i Odda. Etne blir første stopp tysdag, før reisa går vidare til Rosendal.
Omvising
I Etne startar programmet på Skakkesenteret, der ministeren får omvising på aktivitetsareala og informasjon om tilrettelegging for både organiserte og uorganiserte aktivitetar. Ho skal òg besøka Etne bibliotek, som har eit sterkt fokus på open fritid for ungdom, og kommunalsjefane vil orientera om korleis Etne jobbar med tiltak for barn og unge. Statsråden har tidlegare uttalt at slike besøk er viktige for å forstå korleis lokale løysingar kan bidra til trygg oppvekst og gode moglegheiter for barn og unge. Toppe har uttalt at å høyra direkte frå dei som jobbar lokalt, gir henne betre innsikt i kva som fungerer, og kva dei kan læra av kvarandre.