50 år med Grannar
Trong start med mange redaktør-skifte
Dei var amatørar og i ukjent farvatn mange av eldsjelene som stifta lokalaviser på 1970-talet. Det gjekk ei bølgje over landet for å få eigne bygdeblad. Både i Etne kommune, Ølen kommune og Vindafjord kommune var det fleire personar som blei påverka av trenden, noko som førte til at både Vindafjordingen og Grannar såg dagens lys for 50 år sidan.
Hans Olav Tungesvik såg behovet for ei ultra lokalavis tidleg, eller eit bygdeblad, som det blei sagt den gongen. Då han gjekk på landsgymnas på Bryne, fekk han med seg bladet Sunnhordland for å halda seg oppdatert om kva som skjedde heime. Han registrerte snart at det var langt mellom lokale saker i avisa som dekka ein heil region.
Dette kjem fram i eit ein intervju Etne videoklubb gjorde med Tungesvik, Endre Heggen og Ingolv Vevatne (alle i dag døde) for Grannar i forkant av 40-årsfeiringa.