Eline Veastad (16) jobbar på både Knapphus og Joker i Vikebygd i sommar. Ho trivst når det er høgt temo på arbeidsplassane.
FOTO: Ragnhild Kristine Løkken
10 Kjappe
Trivst i serviceyrket
Eline Veastad (16) har jobba på Knapphus sidan påske, og er vant til eit høgt tempo på jobb. I sommar er intensiteten som regel basert på vêret, då fint vêr ofte tilseier mykje softis.
16-åringen frå Vikebygd har hatt mange jobbar i serviceyrket, og trivst når ho kan snakke med nye folk samt kollegaer på jobb. For tida har mykje av sommaren gått til å arbeida på anten Joker i heimbygda eller på Knapphus. Til høsten byrjar ho i andre klasse på vgs, på idrettslinja i Ølen. Den utadvendte jenta har nettopp tatt lappen på lett-motorsykkel, og har det fint når ho kan køyra på tur med far sin eller venene sine.
— Kva er di sterkaste side?
— Det må vel kanskje vera at eg er utadvendt, og likar å snakke med folk. Eg trur det har hjelpt meg mykje i dei jobbane eg har hatt til nå.