Triveleg kveld med kule og pizza
Ein gong i året set Gøril Gravelseter og andre bowlinginteresserte medlemmer i Etne og Vindafjord NFU kursen mot Haugesund for å kosa seg med eit slag bowling og eta pizza i godt lag.
Inne i bowlinghallen på Sheiken Bowling i Haugesund set ein gjeng forventningsfulle bowlingspelarar og førebur seg på kamp. Fottøyet er skifta til passande bowlingsko, og på tavla er namna på deltakarane i ferd med å koma på plass. Spenninga stig blant deltakarane når tida for konkurransestart nærmar seg og den første kula kan trillast over banen.
— Eg trur eg kjem til å vinna. Eg har bowla før og kan alt, seier Gøril Gravelseter frå Etne og tek eit godt grep rundt bowlingkula.
— Det er kjekt å bowla og eg skal spela på lag. Etterpå skal me ha pizza, seier den erfarne spelaren og håpar å slå motstandar og ven Aminda Hardeland som står oppført på eitt av motstandarlaga.