Kjartan Steinsland i Ølen Trevare AS var tidleg ute med å levere eit rekneskap - som viser god lønsemd for verksemda.ARKIVFOTO
Kjartan Steinsland i Ølen Trevare AS var tidleg ute med å levere eit rekneskap - som viser god lønsemd for verksemda.ARKIVFOTO

Selskapsnytt

Trappa ut av 2024 med godt resultat

Nokon har levert rekneskap for 2024, andre har stifta nye selskap. Her er ein ny runde med Selskapsnytt.

Publisert Sist oppdatert

AAKER HOLDING AS i Vikedal er stifta av Steffen Aaker. Selskapet skal driva med kjøp og sal av aksjar og verdipapir, samt delta i andre selskap eller føretak. Selskapet er eit aksjeselskap med ein startkapital på 30.000 kroner.

DRØMMETANKEN AS på Bjoa er stifta av Are Gjerde. Selskapet skal driva med oppdrett og sal av akvariefisk, kurs i akvarierelaterte tema og nettbutikk for akvarieutstyr. Selskapet er eit aksjeselskap med ein startkapital på 35.000 kroner.

ØLEN TREVARE AS i Vikebygd, som er leverandørar av trapper, har allereie levert årsrekneskapen for 2024. Selskapet omsette for 8,37 millionar kroner, som er litt ned frå 2023 då talet var 9,46 millionar. Driftsresultat enda på 1,86 millionar – ned frå 2,4 millionar året før. Resultat før skatt enda på solide 2,0 millionar kroner, som var ned frå 2,54 millionar året før. Selskapet, som sysselsette 5 årsverk i 2024, er eigd av Kjartan Steinsland (75 prosent) og Kenneth Hundhammer (25 prosent).

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS