Trailervelt: Årsaka var stor fart
Etterforskinga konkluderer med at farten traileren hadde var altfor stor til å klara svingen. Det […]
Etterforskinga konkluderer med at farten traileren hadde var altfor stor til å klara svingen. Det var 32 år gamle Ingvar Kolbeinsen frå Haugesund som omkom då traileren han køyrde, velta i krysset mellom Rv 513 og E 134 i Ølen fjerde august i år.
Kolbeinsen køyrde ein trailer som var på veg til Fatland Ølen frå Sandeid med hengjande last. Bilen velta då han skulle svinga ut på E 134 frå riksvegen. Der trefte murkanten som skil gong- og sykkelstien frå europavegen, og velta. Trailersjåføren døydde momentant.
— Med stor fart ville det vera umogleg å klara svingen, uansett kva last det var i traileren, seier politioverbetjent ved Ølen lensmannskontor, Arild Austrheim.
Ulukka skjedde omlag kl. 07.30 på morgonen, det var skodde og dårleg sikt. Det er tatt rutinemessige prøvar som viste at det ikkje var rusmiddel med i bilete. Det blei heller ikkje funne tekniske feil på køyretøyet.