Kontrollen blei utført på Seljestad kontrollstasjon.
FOTO: GOOGLE STREET VIEW
Trafikkontroll på Seljestad avslørte fleire brot
Under kontrollane blei det avdekt fleire alvorlege regelbrot. Fredag blei ein varebil med hengar stoppa. Varebilen var avregistrert av eigaren, og sjåføren fekk bruksforbod og eit gebyr på 5.000 kroner. I tillegg hadde varebilen fleire tekniske manglar, noko som resulterte i ein kontrollsetel. Hengaren blei avskilta på grunn av dårlege bremser, og sjåføren fekk ytterlegare gebyr for to utslitne dekk. Når det gjaldt tunge køyretøy, blei det berre gitt eitt gebyr for feil i vognkortet.
Laurdag blei ein sjåfør meldt for brot på køyre- og kviletidsreglane etter at han blei oppdaga med eit anna sjåførkort for å kunne køyra meir enn lovleg. Kortet blei inndratt på staden. Ein annan sjåfør blei også meldt for brot på køyre- og kviletidsreglane, og firmaet han køyrte for fekk eit gebyr på 6.000 kroner. Same sjåfør fekk også bruksforbod for manglande dokumentasjon for transport av farleg gods. Eit vogntog blei stoppa for å vera for breitt, men fekk bruksforbodet oppheva etter at feilen var retta.
Resultat av kontrollen