Tom Erik Karlsen (nummer 159) la seg raskt i tet. Han sprang inn til bestetid, på tida 34.11.
FOTO: Anita Haugland
Tok leiinga frå start
Tom Erik Karlsen sette standarden, då han sprang inn til bestetid på den nye løypetraseen under Haraldeidvågen Rundt.
— Det var ei tung løype. Eg har gått store delar av løypa på rulleski, så eg visste omtrent kva eg gjekk til. Den delen som gjekk gjennom byggjefeltet var derimot tyngre enn eg trudde, seier vinnaren av Haraldseidvågen Rundt 2021, Tom Erik Karlsen.
Han jobbar som lærar ved idrettslinja på Ølen vidaregåande skule. Den ferske vinnaren har nyleg hatt elevane med seg på kanotur, og det har difor blitt lite tid til løpetrening dei siste to vekene.
— Eg hadde trua på siger før start, men ein skal aldri ta noko for gitt. Løpet blei tyngre enn forventa. Han som låg bak meg veksla heile tida mellom å ta innpå, og å rykkje bak, fortel Karlsen.