Det er tørka i riggmarknaden som fortsatt gir hjørnesteinsbedrifta i Vindafjord store utfordringar. Då Rogaland KrF kom på valbesøk denne dagen, med ikkje mindre enn 15 av sine stortingskandidatar, såg ikkje konsernsjef Arne Birkeland i Westcon Group noko grunn til å pynte på det som for tida er ein beintøff kvardag.
Mange blir råka
Birkeland innleia møtet med å fortelje om tøffe tider, og at han i si rolle som styreleiar i Westcon Yards dagen før var med på å vedta ein stor reduksjon i drifta ved verftet i Ølensvåg.