Til saman er det sett 5.426.127 dosar her i landa sidan vaksinasjonen starta 27. desember i fjor.
Det kan vere forseinkingar i registrering av vaksinasjon som fører til at tala endrar seg over tid.
Kortare intervall
Den siste tida har det vorte klart at Noreg får fleire dosar med koronavaksine, og intervallet mellom første og andre dose vil bli korta ned til ti veker og endå mindre i vekene som kjem.
Intervallet mellom dosane er sett til inntil tolv veker, men sidan vaksinasjonen med dose to startar for fullt allereie i midten av august, kan folk belage seg på å bli fullvaksinert tidlegare enn planlagt, sa assisterande direktør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet (FHI) nyleg.
Statsminister Erna Solberg (H) sa før helga at ho er glad for at den norske befolkninga ser ut til å bli fullvaksinert tre veker tidlegare enn anslått.
– Noreg jobbar heile vegen for å få tilgang til fleire vaksinedosar. Det vil gjere at befolkninga kan bli fullvaksinert endå raskare enn dette. Dette er gode nyheiter og viktig for den vidare gjenopninga av Noreg, sa Solberg i ein kommentar til NTB.
Hovudsakleg to typar
Pfizer og Biontech produserte den første koronavaksinen som vart brukt i Noreg, og første dose vart sett 27. desember 2020.
15. januar vart første dose av Moderna-vaksinen sett, og 7. februar vart AstraZeneca-vaksinen teken i bruk. 11. mars vart AstraZeneca sette på pause, før regjeringa 12. mai kunngjorde at han blir teken ut av vaksinasjonsprogrammet på grunn av alvorlege blodpropptilfelle.
Janssen-vaksinen frå produsenten Johnson & Johnson er også teken ut av det norske vaksineprogrammet etter meldingar om alvorlege biverknader. Det er opna for at han kan givast til frivillige når strenge helsemessige kriterium er oppfylte.
311 nye smitta siste døgn
Det siste døgnet er det registrert 311 koronasmitta i Noreg. Det er 19 færre enn same dag førre veke.
Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 309 koronasmitta per dag.
Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 223, så trenden er stigande.
Ved midnatt natt til tysdag var det utført 6,5 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor.
I alt har 138.265 personar testa positivt.
Måndag var 17 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var like mange som dagen før.
Til saman er 799 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal i FHIs register. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.
57,9 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 17 dødsfall i Noreg.