Nyleg gjekk eit fleirtal under Bispemøtet inn for likekjønna vigsel i den norske kyrkja. Av 115 delegatar på møtet stemte 88 for at personar med same kjønn skal få inngå ekteskap i kyrkja. Blant prestane i Vindafjord og Etne er synet delt. To av dei geistlege har ikkje noko problem med å vigsla personar av same kjønn, medan tre av kollegaene finn det vanskeleg å utføre ei slik handling.
— Eg synest det er ein trist dag for kyrkja når kyrkjemøtet vedtek det som går på tvers av det som står i Bibelen. Då er det ingen kjekk dag å vera prest på, seier soknepresten i Etne, Per Hjemdal og seier klart nei til å vigsla personar av same kjønn.
— Eg vil ikkje vigsla. Men alle som kjem til meg blir møtt med respekt og verdigheit, seier han.