Det er sett i gang full beredskap etter ulykka på E134 i Åkrafjordtunnelen. Her frå Kyrping.Foto: Grethe Hopland Ravn
Det er sett i gang full beredskap etter ulykka på E134 i Åkrafjordtunnelen. Her frå Kyrping.

To alvorleg skadde

To personar er skadde. Åkrafjordtunnelen opna tre og ein halv time etter front mot front-kollisjon.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag kveld:

Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at ulykka skjedde i forbindelse med forbikjøring, og at austgåande kjøretøy kolliderte front mot front med vestgåande kjøretøy. Politiet ynskjer ikkje å gå ut med ytterlegare detaljar om kollisjonen på dette tidspunktet.

Begge dei to skadde er sendt med ambulansehelikopter til sjukehus i høvesvis Bergen og Stavanger. Helse Stavanger opplyser at pasienten, mann født i 1978, er alvorleg skada og at tilstanden stabil. Den andre sjåføren, ein mann i midten av 70-åra, er frakta til Haukeland.

Politibetjent Øyvind Dybing ved ulykkesstaden opplyser til Grannar sin repportar at Ulykkesgruppa til Statens vegvesen er komen for å gjera sine undersøkingar.

Dei skadde blir karakterisert som alvorleg skadde.

Tidlegare status

To personar er involvert i kollisjonen. Begge er skadde og blir tatt hand om av helsepersonell. Skadeomfang er ukjend, melder politiet.

To køyretøy har kollidert front mot front i Åkrafjordtunnelen på E134. Tunnelen er stengd.

— Det skal ha skjedd omtrent midt i tunnelen, seier operasjonsleiar Trond Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til Grannar.

Naudetatene er på veg til ulykke, og det blir sendt mannskap inn frå begge sider av tunnelen.

— Er det brann på staden?

— Ikkje etter det me ha fått opplyst, seier Friberg.

Powered by Labrador CMS