Tilrår brannøving heime
Å ha ein plan i tilfelle det skulle begynna å brenna kan vera med på å redda liv, men ifølgje ei fersk undersøking har over førti prosent av familiar med barn ikkje diskutert korleis dei skal evakuera barna ved ein brann.
I fjor var det ifølgje tal frå SSB registrert 3.160 bygningsbrannar her til lands og 41 personar mista livet som følgje av brann. Branntryggleik og førebyggjande arbeid er eit viktig ledd i arbeidet med å få den dystre brannstatistikken ned, og kvart år blir den nasjonale Brannvernveka arrangert rundt omkring i landet, der mellom anna brannøvingar og opne brannstasjonar er ein del av opplegget som skal få folk til å tenkja branntryggleik.
Nå når hausten og vinteren stundar til, med auka bruka av levande lys og elektrisk straum, er det særs viktig å ta branntryggleiken på alvor. Ei fersk undersøking utført av Kantar på vegner av Norsk brannvernforeining og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, viser at 42 prosent av familiar med barn i alderen 0-12 år ikkje har diskutert korleis dei skal evakuera barna ved ein brann. Det er også svært viktig å avtala møteplass ute slik at ein unngår at nokon går inn i eit brennande hus fordi dei ikkje finn kvarandre.
— Me oppmodar folk om å ha brannøving heime, og avtala med dei ein deler hus med kva ein gjer om det blir brann, seier leiar førebyggjande avdeling Haugaland brann og redning iks, Ole-Martin Nordstrand, og minner om at brannøving er viktig også på arbeidsplassar, skular og barnehagar.