Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Konstituert kommunalsjef Eileen Selland orienterte kommunestyret om kostnadsauken i renoveringsprosjektet på tinghuset.

Kraftig kostnadsauke i tinghusprosjektet

Publisert

Konstituert kommunalsjef for bygd og samfunn, Eileen Selland, orienterte tysdag kommunestyret om den betydelege budsjettsprekken i oppgraderinga av tinghuset. Ho peikte på miljøfunn, krevjande grunnforhold og forhold ved prosjekteringsgrunnlaget som sentrale årsaker til kostnadsauken.

Blant dei mest kostnadsdrivande faktorane er meir omfattande miljøsanering enn føresett. Det er avdekt både asbest og PCB i bygningsmassen. Kommunedirektør Åsmund Andersen Sekse understreka at asbest i utgangspunktet ikkje er farleg så lenge han ligg i ro, men at situasjonen endrar seg når ein startar omfattande rehabilitering og opnar konstruksjonane.

Selland viste òg til fleire bygningsmessige forhold som har gitt ekstra kostnader, mellom anna knytt til betong, himlingsløysingar og tekniske tilpassingar. Fleire mindre endringar samla sett har fått store økonomiske utslag og bidrar til at prosjektet no har ein sprekk på mange millionar.

Powered by Labrador CMS