Det nye styret i Motvind Vindafjord. Bak frå venstre: Åsmund Kalstveit (styremedlem), Elin Magdalena K. Mæland (utvalsgruppemedlem), Drude Isene (styremedlem), Karl Johan Grunnaleite (sekretær) og Jan Bauge (nestleiar). Sitjande frå venstre: Harald Eikanger (styremedlem), Sonja Bjørknes (utvalsgruppemedlem) og Sigbjørn Langhelle (styreleiar). Ikkje til stades på biletet: Gerd Rødne (varamedlem) og Connie Kvamen (varamedlem).
PRIVAT
Nytt styre i lokallag
Med
seg i styret får Sigbjørn Langhelle Åsmund Kalstveit (styremedlem), Elin
Magdalena K. Mæland (utvalsgruppemedlem), Drude Isene (styremedlem), Karl Johan
Grunnaleite (sekretær), Jan Bauge (nestleiar), Harald Eikanger (styremedlem) og
Sonja Bjørknes (utvalsgruppemedlem). Gerd Rødne og Connie Kvammen er
varamedlemmer. Dette opplyser Grunnaleite i ein e-post. Langhelle tek over
leiarskapen i lokallaget etter Rune Bråthen.
—
Styret går på med godt mot, med kraftig aukande medlemstal i ryggen, men det er
eit krevjande arbeid for den enkelte å drive frivillig arbeid når ein står i
ein unik situasjon slik me kjenner til, skriv Grunnaleite.
Han
poengterer at det går føre seg tre samtidige utbyggingsplanar for vindkraft i
éin og same kommune. Eviny relanserte i desember ein prosess for mogleg bygging
av Slettene vindkraftverk på Måkafjellet i Skjold. Hydro fortalde i januar at
dei vil greie ut moglegheita for vindkraft på Bukkanibba i Ølensvåg.