Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Atle Berge

Porsche avviser Atle Berge – no vurderer han søksmål

Publisert

Stavanger Aftenblad skriv at konflikten handlar om ein Porsche Taycan Turbo som blei kjøpt ny i 2020 for om lag 1,6 millionar kroner. Bilen har seinare vore brukt både i Noreg og i Russland, der Berge har næringsverksemd.

Då bilen fekk ein feil som etter Berge sitt syn fell inn under garantiordninga, tok han kontakt med Porsche for å få reparasjon. Først blei bilen forsøkt levert inn i Tromsø, der han tidlegare har vore på service. Også der blei han avvist. Seinare oppsøkte Berge Porsche-senteret på Forus, der bilen opphavleg var kjøpt.

Avslaget skal ha samanheng med at bilen har vore brukt i Russland. Porsche fryktar ifølgje Aftenbladet at dei kan bryta EU sine sanksjonar mot Russland dersom dei tar bilen inn til reparasjon. Regelverket omfattar mellom anna eksportforbod på visse typar varer – også elbilar – og forbod mot å yta fagleg bistand til køyretøy som blir eksporterte til bruk i Russland.

Powered by Labrador CMS